Risnes Elektro AS sidan 1926


IMG_3278.JPG


Verksemda vart etablert i 1926 av installatør Konrad Risnes. Han hadde 1 tilsett i verksemda, Monrad Sylta og saman sykla dei Nordhordland rundt for og installera hjå kundane sine.

Motorsykkel og taxi vart også nytta som framkostmiddel. Han hadde også ein gammal bil, men den var det ikkje så mykje hjelp i for den gjekk ikkje. Han hadde heller ikkje sertifikat før han i 1955 tok sertifikatet og kjøpte sin eigen bil.

Kona, Sigrid Maria Risnes var heima på Risnes og tok seg av deira 4 born, gårdsdrifta og administrasjonsarbeidet i firma.

Konrad Risnes dreiv verksemda fram til sin bortgang i 1968.

Då overtok sonen Kristen Risnes verksemda og etablerte seg i 1981 i Manger Senter, med kontor, lager og butikk. Og i tillegg til Manger, tavleverkstad på Risnes.

I 2006 overtok Konrad, sonen til Kristen Risnes leiinga av Risnes Elektro AS og driv verksemda i dag med tilsaman 12 tilsette.


Konrad Risnes.jpg

Manger Senter,
Idrettsvegen 9, 5936 Manger
Tlf. 56349620.