Risnes Elektro AS, sidan 1926.

Konrad Risnes etablerte verksemda i 1926, ved navnet Konrad Risnes Elektrofirma. Dei fyrste 10 åra var han aleine ute i felten, men i 1936 byrja Monrad Sylta også i firmaet.
I 17. mai programmet i 1959 for Hordabø stod det, "Du snakkar med Konrad og trur det er Monrad, men nytten er den same, for båe har tame, i elektriski og montasje ". Forfattar: Bjarne Dåe.

Året 1955 kjøpte Konrad Risnes sin fyrste bil, ein flettande ny Opel Olympia varebil. Før bilen kom på tunet var framkostmiddelet for Konrad og Monrad, enten hest og kjerre, båt, sykkel, motorsykkel, mjølkebilen eller drosje.

Konrad Risnes Elektrofirma dreiv elektroinstallasjon rundt i heile Nordhordland i tillegg til område utanfor regionen.
På midten av 60 talet vart verksemda utvida med 2 nye elektrikarar. På denne tida tok også Konrad si helsa til å svikta og i 1968 gjekk han bort.


I 1974 tok sonen Kristen Risnes og kona Grethe over drifta av verksemda. I mellomtida, frå 1968 og til 1974, dreiv Sigrid Maria, kona til Konrad, verksemda vidare på dispensasjon med Monrad som teknisk ansvarleg.

28. april 1981, vart aksjeselskapet Risnes Elektro skipa. Og 15. oktober same år flytta elinstallatørfirmaet inn i nye lokale på Manger, med kontor, lager og butikk.

Frå 1982 var det 6 tilsette i verksemda og dette auka utover 80-90 talet.

I 2006 overtok sonen Konrad Risnes leiinga over drifta av verksemda. Han driv i dag og verksemda tel totalt 15 tilsette.

 
Begynnelse 90.talet.jpg
 
Innviing av Hella
Installatør Konrad Risnes
Styret i Nordhordland Installatørlag
1963, Nordhordland Installatørlag 25
Monrad Sylta, får medalje for lång og tru teneste
I gymsalen på Hella
 
 
 
Våre opningstider :

Mandag til fredag, 0730 - 1530
Tlf : 56349620
E-post : re@risneselektro.no

Me leverer eit trygt
elektrisk anlegg.


Ring, send epost eller kom innom.

Ynskjer deg ein smeisandes fin dag.

Me sjåast!